Bakgrunn
Næringslivet i Tyrkia har tradisjonelt tatt eit sosialt ansvar, gjerne i form av veldedige organisasjonar. Store familieeigde konglomerat er også i dag viktige bidragsytarar til kulturelle, akademiske og sosiale organisasjonar. I stor grad har dette likevel vore meir knytt til etablerte samfunnstrukturar og forventningar om kva næringslivet skal bidra med enn moderne tekning rundt CSR (Corporate Social Responsibility).
Samstundes er det no eit visst fokus på at ei heilskapleg tilnærming til CSR skaper meirverdi. Det er aukande kjennskap til UN Global Compact sine ti prinispp om menneskerettar, arbeidstakarrettar, miljø og anti-korrupsjon. Dei fleste tyrkiske verksemdene som har signert Global Compact er små og mellomstore, men også det største tyrkiske selskapet, Koc Holding, er med her. I starten av 2011 hadde berre elleve land i verda fleire verksemder med i Global Compact enn Tyrkia.
Tyrkia har også ein landorganisasjon knytt til World Business Council for Sustainable Development. Den frivillege organisasjonen CSR Turkey peikar på at multinasjonale selskap har bidratt til at kjennskapen til CSR er aukande i Tyrkia. I sin siste rapport ” Drivers for Sustainable Corporate Responsibility, Case of Turkey” gir dei ein relativt utfyllande gjennomgang av historia til og status for CSR i Tyrkia. CSR Turkey samarbeider også med lærestader, til dømes Kadir Has-universitetet i Istanbul, om å tilby obligatoriske kurs i CSR som del av masterprogram. Det er stadig seminar og konferansar knytt til CSR, gjerne i regi av EU, FN, og nasjonale NGOar.
Lovgjeving og implementering
I den definisjonen av CSR som ligg til grunn for Stortingsmelding 10 (2008-2009) framgår det at konseptet er basert på frivillige tiltak frå næringslivet si side utover det lovpålagte. I det tyrkiske tilfellet er det i så måte stort handlingsrom for næringslivet som positiv drivkraft, då det er utilstrekkeleg lovgjeving eller implementering av lovverk innan helse, miljø, tryggleik og arbeidstakarrettar.
Forhandlingsprosessen om EU-medlemsskap har positive konsekvensar i form av reformar og overvåking. Dersom ein ser fem til ti år tilbake i tid er det klart at det har vore framgangar både når det gjeld medvitne haldningar til CSR-relaterte spørsmål og harmonisering med EU-standardar. Likevel konkluderer Europakommisjonen i sin framdriftsrapport av oktober 2011 at det framleis er eit godt stykke fram til EU-standardarar:
There has been limited progress in the field of social policy and employment. Administrative capacity for effective transposition and implementation of the acquis showed some signs of improvement. However, alignment with the acquis is still not very far advanced. Constitutional amendments regarding trade union rights have not resulted in further changes of the legislation aimed at granting full trade union rights in line with EU standards and ILO conventions. Further efforts are needed in order to reduce large-scale undeclared work and to increase female employment rates. The scope of the labour law remains limited. Enforcement of health and safety at work legislation needs to be stepped up.
(Turkey 2011 Progress Report, s.80, Europakommisjonen 12.10.11)
Ei liste over ILO-konvensjonane som Tyrkia har ratifisert er tilgjengeleg her. Tyrkia har også signert OECD Guidelines for Multinational Enterprises og det nasjonale kontaktpunktet ligg under den tyrkiske Statsministerens Kontor.
Underleverandørar
Mange utanlandske verksemder finn solide tyrkiske hovudpartnarar, men biletet vert mindre oversiktleg når ein tar eit skritt ned i produksjonskjeda. Utfordringar er mellom anna knytt til bruk av uregistrert arbeidskraft og den svake stillinga til fagrøyrslene i mange sektorar. Svært mange kvinner er uregistrerte arbeidstakarar og sesongarbeidarar. Desse er særleg utsette grupper, som i praksis har få eller ingen rettar. Arbeidsulukker og alvorlege HMS-brot er hyppigare på underleverandørnivå. I fylgje CSR Turkey er den økonomisk viktige verftsindustrien eit relevant døme.
Miljø
I samband med EU-harmonisering og ratifiseringa av Kyoto-protokollen står Tyrkia ovanfor store investeringar på miljøsida. Landet har også stor trong for energi. Staten kan vanskeleg bære dei kortsiktige kostnadene på dette feltet åleine, og utanlandske aktørar vert ynskt velkomne. Det er i så måte eit stort positivt potensiale for utanlandsk næringsliv, som kan vera føregangsverksemder og bidra til teknologideling med miljømessige vinstar.
Korrupsjon
Tyrkia låg i 2010 på 56. plass på Transparency International sin Corruption Perception Index, der korrupsjon innan offentleg sektor i 178 land vert målt. I så måte var ein i selskap med fleire EU-land i regionen, men ble rangert over til dømes Italia (67) og Hellas (78). Transparency International har også nyleg fått ein landorganisasjon i Tyrkia. Det er ein stor uformell økonomi i landet. Dette er ei utfordring, ikkje minst for styresmaktene.
Rådgjeving og nettverk
Ambassaden og Innovasjon Noreg har eit nært og godt samarbeid. Samlingar for norsk næringsliv i Tyrkia vert arrangert med jamne mellomrom. Verksemder som er etablert eller ynskjer å etablere seg i Tyrkia er svært velkomne til å ta kontakt. Organisasjonane som det er lenka til på denne sida vil også kunne vera nyttige kontaktpunkt for CSR-relaterte spørsmål.